CD-utgjeving

Litt om bakgrunnen

I 2003 tok Oddvar Stave initiativet til det som er dagens Sunnivakor. Oddvar Stave sin plan var å skape eit stort kor som kunne delta under Sunnivafestspela pa Seljeøya. Som
musikalsk leiar var sjølvsagt kun den beste godt nok, og "Prots" vart kontakta. Han var i utgangspunktet oppteken, og skeptisk til opplegget. Oddvar Stave var ikkje den som tok nei for eit svar og "Prots" takka til slutt ja til å vere med på prosjektet. På denne måten vart 130 songarar i kor frå tre kommunar og to fylke samla til øvingar.

Og "Prots" fann kvalitetar i koret som det var verdt å bygge vidare på. I løpet av dei 9 åra som har gått, har ein del koristar falle frå, men nye har kome til, og vi er no ca. 90 medlemer frå langt fleire kommunar enn det som var utgangspunktet. Det finst berre ein "Prots", og hans profesjonelle leiarstil er grunnen til at koret har vakse seg saman til å verte ein storfamilie. Vi har ca. 5 samlingar i året og vi gler oss kvar gong til å møtast og ta nye steg på songens veg.

Oddvar Stave er ikkje lenger blant oss. Han gjekk bort i 2008, så altfor tidleg. Hans grenselause entusiasme er likevel noko vi har lært av, og som vi har teke med oss i vårt vidare arbeid. Oddvar lærde oss at ingen ting er umogleg, berre viljen og trua på det ein gjer er sterk nok.

"Godbitar frå Sunnivakoret" er dedisert til Oddvar Stave sitt minne.

CD-EN VÅR

På CD-en finn du varierte melodiar og arrangement. Sunnivakoret er med på alle spora, men med ulik orkesterbesetning og forskjellege solistar, så CD-en har eit musikalsk variert innhald som syner ulike sider ved det koret har arbeidd med og framført dei siste åra.
Her er fire korte eksempelklipp frå CD-en.
NB!
Alle klippa har redusert lydkvalitet i forhold til kvaliteten på plata!

Klikk på linkane under og vent til mediespelaren din startar avspelinga.

1. Abide with me. Solist: Tina Brandal (frå spor 11)
2. Aleluyah, med Altiplano (frå spor 6)
3. Kyrie eleison. Solist: Kristina Kurseth (frå spor 2)
4. Shut de Do. Solistar: Prots og Øyvind Lied (frå spor 10)

Kommentarar eller spørsmål?
Klikk på knappen under, og send melding direkte til koret: