Minneord om Oddvar Stave

Oddvar - Sunnivakorets far

Ein høvding og høvedsmann har lagt inn årane og mønstra av for siste gong. Oddvar etterlet seg ein tom plass som skal verte svært vanskeleg å fylle etter han. For Oddvar var kultur ein livsstil og ein hobby han ikkje kunne vere forutan. Gjennom eit langt liv skaffa han seg svært god røynsle og knytta mange viktige kontaktar rundt omkring som vi drog nytte av. Der andre såg problem, såg Oddvar mogelegheiter, og han var den største entusiast vårt distrikt har fostra. Ein høyrde aldri Oddvar seie eit vondt ord om nokon, men han var levande oppteken av å få resultat. Oddvar visste at dersom ein ville oppnå dette, måtte ein slå på stortromma, det var ikkje hjelp i å stå med luva i handa.

Oddvar er Sunnivakorets far. Han klarte å samle kor frå tre kommunar i to fylke, samt få Prots til å lede det heile. Berre dette fortel litt om kvalitetane som budde i denne heiderskaren.

Ingen av oss kjem vel til å gløyme Oddvar der han står nede ved døre og lyttar under konsertane vi har framført. Av og til kjem ei hand opp og tørkar ei tåre som trengjer seg fram. Vart følelsane for sterke, grov han i lomma etter ein sneip, opna stilt døra, gjekk ut på trappa og venta til dei sterkaste følelsane hadde lagt seg.

Oddvar var stolt av og oppriktig glad i alle oss som er involverte i Sunnivakoret. Vi var hans hjertebarn, som han levde og ånda for.Hans iver for koret si framtid hadde ingen grenser, og hadde han fått lov, hadde han gjennomført dette som alt anna.

Vi har lært mykje av Oddvar i den tida vi fekk vere saman. Dette skal vi bruke i vårt vidare arbeid i koret. Oddvar si ånd skal leve blant oss, og sjølv om han fysisk ikkje lengre er til stades, vil hans spirit og pågangsmot likevel vere det.

Takk for alt du var for oss, Oddvar!

Hanne Krogh sin song til Oddvar under gravferda:

Ikke en spurv til jorden uten at Gud er med.
Ikke en sjel mot døden uten hans kjærlighet!
Ikke en blomst er visnet, ikke en tåre falt
uten at Gud vet om det, han som er over alt.

Tro det når stormen herjer bladløse vintertrær!
Tro det når brenning bryter over det nakne skjær!
Tro det når ubeskyttet midt i en kamp du står.
Tro det når helt alene du med en smerte går.

Tro det når noe brister uten å vokse frem.
Tro det når noen mister det som var alt for dem!
Tro det når håp går under uten å reise seg:
Ikke en spurv til jorden! Det er et ord til deg.