Sunnivakoret vart starta sommaren 2003 i samband med førebuinga til Sunnivafestspela og teaterkonserten "Lyset frå Selja", som hadde urpremiere på klosterøya Selja i 2004. Tidleg i juni 2003 møttest songarar frå fleire kor i Nordfjord og på Sunnmøre til eit storkor, med den fyrste felles samlinga i Selje. Sidan har koret vore i full aktivitet med meir enn 60 konsertar av ulik art - m.a. på Vestlandet og i Midt-Noreg.
Nøkkelpersonen i etableringsfasen var eldsjela Oddvar Stave, og heilt frå starten av har Per Oddvar "Prots" Hildre vore instruktør og kunstnarisk leiar for koret.
Koret har hausta svært gode kritikkar med sine konsertar. Mange særs dyktige solistar og musikarar har fylgt Sunnivakoret på vegen, som til dømes Ytre Suløens Jass-ensemble med solist Tricia "Teedy" Boutté.
Koret - Vestlandet sitt storkor - har no bortimot 90 koristar frå Selje, Vanylven, Vågsøy og Flora kommunar, og vi har også deltakarar frå andre kantar av landet. For 2011/12 blir Sunnivakoret drive saman med Sunnfjord Folkehøgskule som ein del av skulen si kortkursverksemd. Dirigenten er tilsett ved skulen.
Kort om Sunnivakoret
Vestlandet sitt storkor!
Vestlandet sitt storkor!
Oddvar Stave, Sunnivakorets far med ei lita takk og påskjøning frå koret under ei samling i Sogn 2008.
