Laurdag 7. januar 2012 kl. 17.00 vert det gladmusikk på Gomerhuset i Skodje med det store Sunnivakoret, Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté.
Sunnivakoret og Ytre Suløens har no i fleire år hatt gleda av å halde slike konsertar i mørkaste januar som ein musikalsk fargerik start på det nye året.
Nyttårskonsertane har vore spreidde til ulike stader kvart år, og søndag 8. januar er turen komen til Giske kommune, der konserten vert kl. 17.00 i idrettshallen på Valderøya. Der er vi så heldige å få med Taretausene som gjestekor!
Gomerhuset:
Bilettar à kr 250,- kan kjøpast på internett og ved inngangen.
Giske kommunale idrettshall, Valderøy:
Bilettar à kr 250,- kan kjøpast ved inngangen.
Vel møtt til eit fargerikt musikalsk fyrverkeri i starten på året 2012!
...
Konsertinfo
Den store nyttårskonserten
Forrige konsert ...
i Olivinhallen på Åheim søndag 28. august 2011
i Olivinhallen på Åheim søndag 28. august 2011
Søndag 28. august vert det storkonsert i Olivinhallen med Sunnivakoret, Prots og musikarar, og med Good Gospel-koret frå Gjøvik som gjestekor.
Dette er Sunnivakoret sin sekstiande konsert, og på menyen står songar frå engelsk, irsk spansk, amerikansk, afrikansk og norsk musikk.
Set av denne ettermiddagen, og få med ein flott konsert med eit vidtfemnande repertoar!
Bilettar kan kjøpast
- direkte hos kormedlemer (på førehand): kr 200,-
eller
- ved inngangen, Olivinhallen: kr 250,-
Vel møtt på konsert!
___________________________________________